Gardsbutikk
Gardsbutikken på Stend finn du i gartneriet, parkering ved døra.
Åpningstider:
13.mai-30.juni: man-fre 10-19, lør 10-15
1.juli – 4.aug: man-fre 10-15 (stengt lørdag)
Frå 5.aug: man-ons: 10-15, tors-fre: 10-19, lør 10-15.
Tlf: 55 915308
Gardsbutikken har ein visjon om å vere eit veksthus både for planter og mennesker. Vi ønskjer å fremme økologisk matvareproduksjon og lokal småskalaproduksjon. Her vil du oppleve ei positiv samrøre mellom ein unik butikk, blomsterproduksjon av beste kvalitet, skuleelever i øvingsarbeid og eit imøtekomande personale med gode varekunnskaper.
I gardsbutikken finn du derfor
- økologiske varer
- eigenproduserte varer frå Stend
- lokalproduserte varer frå andre gardsbruk og småbedrifter
- varer elles knytta til jord og planter
Velkommen innom !
